Avløysaryrket

Er avløysaryrket noko for deg?

Kva er ein avløysar?

Ein avløysar tar over arbeidet på ein gard slik at bondefamilien kan få ferie og fritid, eller hjelp når dei er sjuke. Avløysaren får etter god opplæring ansvaret for det daglege stellet på garden.

Kven kan verta avløysar?

Alle som har fylt 15 år, jenter og gutar, kan verta avløysar. Sjølv om du ikkje har erfaring kan du verta avløysar dersom du har lyst å stella med dyr. Då må du sjølvsagt ha opplæring. Avløysarlaget arrangerer kurs etter trong, bonden vil og hjelpa deg med opplæring. Ellers ved tilsetjing vert det lagt vekt på at avløysaren er påliteleg.

Er du interessert ta kontakt med NLT Sunnfjord så skal vi hjelpa deg.

Heiltidsavløysar

Eit yrke for deg som vil arbeida i landbruket.

Eit yrke for deg som vil få ei allsidig erfaring til eiga gardsdrift, vidareutdanning o.l.

Eit sjølvstendig og ansvarsfullt arbeid.

Langfri annankvar helg.

For deg som vil bu og arbeida i heimbygda.

Deltidsavløysar

Eit yrke for deg som vil bestemma di eiga arbeidstid.

Eit yrke for deg som har tid til overs, og vil fylla denne med noko nyttig.

Eit yrke for å finansiera skulegang, bilkjøp o.l.

For å få arbeidserfaring.

For deg som er heimeverande, og vil ha avveksling i kvardagen.

Løn og arbeidsforhold

Løn og arbeidsforhold vert avtale mellom avløysar og avløysarlag/bonde. Avtala er -skrifteleg og omfattar løn, arbeidstid, ferie og køyregodtgjersle o.l.

Avløysaren kan organisera seg i Fellesforbundet som har tariffavtale for avløysarane.

Arbeidsmiljølova gjeld og i landbruket.

Auka tryggleik og trivsel er prioriterte oppgåver for avløysarlaget.