Ledig stilling

Ein av våre landbruksvikarar skal sjølv bli bonde, og har difor sagt opp stillinga si. Vi søkjer difor etter landbruksvikar i 100% stilling frå 01.05.17. (etter avtale)

Nlt Sunnfjord administrerer landbruksvikar i kommunane Førde, Naustdal, Gaular, Hyllestad og Høyanger nord.  Den som søkjer må pårekne å ta oppdrag i alle desse kommunane, sjølv om erfaring tilseier at dei fleste oppdraga knytt til denne stillinga er i Førde og Naustdal.

I tillegg må den som søkjer:

-ha god kjennskap til norsk landbruk, vere glad i dyr, fleksibel og ansvarsbevisst.

-ha utdanning innan landbruk, relevant praksis vert også vurdert.

-ha førarkort klasse B, og disponere bil (firmabil kan på sikt verte aktuelt)

-beherske norsk språk muntleg og skriftleg

Har du desse eigenskapane, send ein søknad med CV  til oss, innan 31.03.17 , e-post: post@landbruk.org, eller boks 338, 6800 Førde

Vi kan tilby:

Løn etter avtale/ansiennitet, ordna arbeidsforhold og pensjonsordning. Kurs/sosiale tilstellingar for landbruksvikarar/avløysarar

Masse fin natur med gode mogelegheiter for friluftsliv

 

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med oss på tlf : 90 70 68 30, du finn oss og på facebook

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *