NLT Sunnfjord

Velkommen til NLT Sunnfjord

Vi er eit andelslag med ca.530 medlemer som har rett til avløysarrefusjon. Medlemmane er bønder i Førde, Naustdal, Gaular, Høyanger og Hyllestad kommune. Ved nyttår var det 610 personar som fikk lønn gjennom laget. Har no 3 landbruksvikarar og 2 avløysarringar med fast tilsett avløysar. Resten av avløysinga vert utført som tilfeldig-, deltid- og familieavløysing. Vår hovedoppgåve er å skaffe avløysar til medlemmane når dei skal på ferie, ha fri eller vert sjuke. Vi tek også utlønningsoppdrag for andre.  Kontoret er i 4 etasje i  rådhuset til Førde Kommune og  er bemanna alle dagar frå kl. 0900 – 1500

 

Velferdsordninga er for dårlig

Henta frå nrk sogn og fjordane: Inntekta til avløysarane aukar langt raskare enn velferdstilskotet til bøndene. Dermed må bøndene sjølv punge ut for å kunne ta ferie.

Ferie 2012

Her er ein oversikt over ferien til landbruksvikarane og administrasjonen

Vårsamling 22.og 23.mai.

Vi skal på vårsamling/kurs 22.og 23.mai og stenger kontoret desse dagane. Du når oss på tlf 57722145 om det er noko viktig.

Ledig stilling som landbruksvikar

Landbruksvikarane våre Sølvi Wie og Kristian Seres tek til på skule til hausten og vi søkjer deira etterfylgjar/ar og har difor ledig stilling som landbruksvikar i 100% stilling frå 1.august.