Ringavløysar

Ledig vikariat som avløysar.
I Hyllestad er det ledig vikariat for avløysar. Arbeidet er knytt til mjølkebruk og bruk med ammekyr, sauehald og anna storfehald. Hovudsakleg fjøsstell og mjølking. Det må påreknast å ta fjøsstell både i båsfjøs og lausdriftsfjøs. Anna gardsarbeid vil og vere aktuellt. Det formelle tilsetjingsforholdet vil vere hjå NLT Sunnfjord. Stillinga er i
utgangspunktet 100%, men kan tilpassast den rette søkjaren. Bøndene vil vere behjelpeleg med å skaffe hus om det er naudsynt.

Spørsmål ang stillinga rettast til: Svein Arild Dale, tlf +47 41 80 81 89, e-post  svein.arild.dale@enivest.net

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *