Avløysartilskot 2022 – søknadsfrist 15 oktober
Frist for å søkje om produksjonstillegg med avløysartilskot er no den 15 oktober. Ein må krysse av for at ein søkjer tilskot. Beløpet som skal førast inn på søknadskjemaet finn ein i Årsrapport inneverande år under « Fakturert feie og fritidsavløysing + eventuelt fakturert ferie og fritidsavløysing landbruksvikar» For å finne årsrapporten må de logge inn i kundeportalen i Webtemp.
logg inn med eposten som dykk er registrert med, og huskar du ikkje passordet ditt så klikk på gløymt passord og du får tilsendt eit midlertidig som varer ei veke.
Beløpet som skal inn på søknadskjemaet finn de og på siste utsendte faktura frå oss. Og i den firkanta ruta oppe til høgre står det mellom anna «Tilskudd ikkje registrert i 2022 / refusjonsberettiget. Beløpet som står etter «refusjonsberettiget» er det som skal førast på søknadskjemaet.
Dersom du ikkje har hatt utgifter i perioden 01.01.22-15.10.22, må du sette 0 i beløp. Utgifter til avløysing i perioden 15.10.22-31.12.22 må etter registrerast innan 10.01.2023.
Ta kontakt om noko er uklart, eller om det er problem med å finne beløpet som skal inn på søknadskjemaet.