NLT Sunnfjord

Beskrivelse

Tlf. 90 70 68 30

Mobil 970 63 034 – 958 13 847

Arbeidsrapport    Kostnadsoverslag    Maskinprisar

I Sunnfjord Landbrukstenester BA er det ei gruppe av bønder i Naustdal og Førde som stiller sin kompetanse og sitt utstyr til rådvelde for privatpersonar, bedrifter og det offentlege.

Sjølv om Sunnfjord Landsbrukstenester er eit ”nytt” selskap er ikkje det å utføre diverse oppdrag ukjende for norske bønder. Det nye er berre at fleire går saman om å tilby tenestene, og at dette samarbeidet er betre organisert.

Dette er nokre av dei mange oppgåver Sunnfjord Landbrukstenester kan ta på seg.

Vaktmeistertenester, rydding og vasking
Sunnfjord Landbrukstenester kan dekke tilsynsoppgåver for bedrifter eller kommunale anlegg og bygningar.
Sunnfjord Landbrukstenester kan også kontaktast for å føre tilsyn med hytter, fritidshus og hus når eigaren er borte. Det kan også være behov for rydding, vasking, vedlikehald, snømåking og sandstrøing.

Vikartenester
Sunnfjord Landbrukstenester kan i mange tilfelle stille opp som ekstraressurs ved arbeidstoppar og sjukefråvær. Dette kan være i produksjon så vel som i administrasjon.

Bygg og anlegg
Innanfor bygg og anlegg kan både reparasjon og vedlikehald være aktuelle oppgåver. Det kan dreie seg om riving, sveising, muring, betongarbeid, snikring, måling, og transport.

Grøntanlegg
Pleie av jord og plantar er ein spesiell type anleggsverksemd og dette er noko bønder kan. Det kan nemnast hagar, parkar, graver, kyrkjegardar, fritidsområder, idrettsanlegg,  rabattar og andre beplantningar. Etablering av nye grøntanlegg kan også være ei aktuell oppgåve, i tillegg til at private hageeigarar kan få hjelp. Har også tilgang på matjord og naturstein. 

Utleige av bygningar til lager og varemottak
Mange gardar har ledig bygningskapasitet, og denne kan leigast ut til mindre industribedrifter og andre småforetak, både til produksjon og lager. Ein fordel med å leige bygningar på ein gard er at man også har tilsyn med bygningane.

Skog og utmark
Vegar, skogsbilvegar, skianlegg, turstigar og kraftgater krev rydding og vedlikehald.

Lasting, transport, flytting
Lasting, transport og flytting går inn i fleire av oppdragsområda nemnt ovanfor. Sunnfjord Landbrukstenester kan også ta meir sjølvstendige oppdrag på dette området, for privatpersonar, bedrifter og andre.

Kompetanse

I tillegg til brei kunnskap frå gardsdrift har deltakarane i Sunnfjord Landbrukstenester god kompetanse frå andre verksemder, som transport, betongarbeid, snikkararbeid, sveising,  måling med meir.

Prisar

Timepris 220 kr/t + MVA ( 275 kr/t inkl MVA)

Leigepris maskinar kjem i tillegg etter Norske Landbrukstenester sine prisar.

Sunnfjord Landbrukstenester BA utarbeider også anbod og spesialpris på store og spesielle oppdrag med krav til meir kompetanse.

 Ta kontakt.

Sunnfjord Landbruksteneter

er eit av dei mange Landbruk-stenester i Norge. I Naustdal og Førde har vi no helde på i over 20 år. Hovudsakeleg med avløysaroppdrag innan landbruket, men vi vil no også la andre grupper ta del i vår gode kompetanse.

Medlemmane i Sunnfjord Landbrukstenester er sjølvstendig næringsdrivande, mens sjølve Sunnfjord Landbrukstenester er registrert som eit samvirkelag med avgrensa ansvar.
Sunnfjord Landbrukstenester si oppgåve er i hovudsak å ta imot og formidle oppdrag, og koordinere arbeidet. Dagleg leiar har ansvaret for å ta imot oppdrag, oppdragsformidling og administrasjon. Dagleg leiar er tilgjengeleg på mobiltelefon, også utanom ordinær arbeidstid.

Kvifor bruke bygdeservice

·        Sunnfjord Landbrukstenester kan ta oppdrag som er for små for dei større entreprenørane, fordi deira utstyr eller kompetanse ikkje kan utnyttast lønnsamt, på oppdrag av denne storleik.

·        Tilgjenge – som regel langt utover ordinær arbeidstid.

·        Oppdrag kan utførast på få timar varsel.

·        Billeg og effektiv administrasjon gjev rimelegare prisar.

·        Pålitelege og kunnskapsrike medlemmer som kan arbeide sjølvstendig og som rår over eit breitt spekter av utstyr. Arbeidet vert utført av folk frå lokalmiljøet. Desse har stor lokalkunnskap, noko som gjev låge transportkostnader, stor fleksibilitet og minimal administrasjon.

E-post: sunnfjord@landbruksteneste.no

Postboks 338,6802 Førde.

 Org nr.: NO 971 365 145 MVA