Info til medlemmane

Årsoppgåva for 2009 er no sendt ut til alle medlemmane. Summen som skal førast på skjemaet finn du nede på oppgåva, søknadsgrunnlag ferie og fritid.


Ein stor del av medlemmane våre får rekneskapet sitt ført hos Naustdal rekneskapskontor og rekneskapskontoret Fjordane. Her leverer vi årsoppgåva for Dykk. Dei av Dykk som nyttar andre rekneskapskontor må sjølv levere årsoppgåva.Vi manglar fortsatt ein god del e-post adresser, desse vil vi prøve å få på plass i løpet av året. Veldig nyttig for oss når vi skal ha ut rask informasjon til Dykk. Det einaste du treng å gjere er å sende oss ein e-post slik at vi får på plass adressa di. Det er også viktig å gje oss melding når du skiftar adresse. Vi får ein del i retur. Send e-post til: post@landbruk.org