infoskriv okt. 09

Infoskriv til medlemmane Oktober 2009

INFO TIL MEDLEMMANE I SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER

Viktige fristar
Vedlagt finn du eit kontoutdrag frå jan.til okt.09. Det er viktig at du kontrollerar dette og gjev oss tilbakemelding om det er noko som ikkje stemmer.
Oppe i høgre hjørne ser du kva som er ubenytta av tilskotet. Hugs at arbeidsgj.avg og feriepengar er inkl. i denne summen. På heimesida vår  www.landbruk.org finn du eksempel på korleis du reknar ut brutto løn av summen. Ubenytta tilskot må utlønnast før nyttår. Listene må leverast innan den 5. i mnd, men vi oppfordrar alle til å levere snarast råd, slik at vi kan registrere dei fortløpande.
Timelister finn du på heimesida vår.
Listene kan leverast på servicetorget Førde kommune eller kommunehuset i Naustdal, der får du også blanke timelister.

Landbruksvikar
Vi har no tilsett Sølvi T.S.Wie som landbruksvikar i Førde/Naustdal. Ho tek til i stillinga 21.01.10 og er klar for oppdrag frå mand. 25.01.10.  Arne Systad har jobba ein god månad som landbruksvikar i Hyllestad/Høyanger. Vi tek imot tingingar på begge to framover og håpar du som medlem vil bruke landbruksvikaren, og soleis vere med på å oppretthalde desse stillingane. Ein treng ikkje vere sjuk for å nytte seg av dette tilbodet, men sjukdom har førsteprioritet.  Det kan vere lurt å leige landbruksvikaren nokre dagar slik at han/ho vert kjend  på garden din, det vert då lettare for han/ho å steppe inn hos deg om du skulle verte sjuk.
Ring 577 22145 dag/kveld og helg.

Diverse
Vi har i utgangspunktet ope kontoret kvar dag frå 9-15, men har ein del avspasering som vi tek gjennom året, så det kan vere lurt å ringe først om du har tenkt deg innom.   I veke 46 skal vi på kurs, så då vert kontoret ope mand. og fred.

Vi er fortsatt interessert i e-post adressane Dykkar, så viss du ikkje har sendt oss e-post, ber vi deg snarast gjere det slik at vi får adressa di. Dette gjeld og avløysaren. 
Adressa vår er:  post@landbruk.org.

Sjå heimesidene våre:  www.landbruk.org

Kontoret har ope kvar dag 0900 – 1500

Mvh
Sunnfjord Landbrukstenester
Jonny og Kari