Innkalling til årsmøte
Sunnfjord Landbrukstenester held årsmøte tysdag 12. mars kl. 20 00. Møtet vert på kantina til Førde Kommune i 3. etasje (over Førde Varehus)
Er no oppdatert med rekneskap og budsjett
SAKLISTE
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av møteleiar
- Val av skrivar
- Val av 2 til å skrive under møteboka
- Årsmelding
- Rekneskap
- Budsjett
- Val
- Arbeidsplan
- Andre saker
Årsmelding, rekneskap og budsjett ligg på menyen til venster under fana, årsmøte.
Sjå innkallinga for å finne passordet, viss du av ein eller anna grunn ikkje har fått passordet, send oss ein epost så svarar vi på denne med passordet.
Dette for å spare tid og kostnader, dei som vil ha dette på papir tek kontakt med oss så sender vi den.
Styret oppmodar medlemmane om å komme på møte.
Enkel servering.
Helsing Styret i Sunnfjord Landbrukstenester