Landbruksvikar i Førde og Naustdal

Vi har tidlegare informert om at Sølvi Vie er tilsett som landbruksvikar i Førde og Naustdal. Ho tek til i jobben 25.januar

Vi treng arbeid til ho og tek imot oppdrag fortløpande. Det kan vere lurt å leige ho nokre dagar, slik at ho vert kjent på garden.Det vil gjere det lettare for begge partar den dagen du event. skulle bli sjuk og treng akutt hjelp. NB ein treng ikkje vere sjuk for å leige landbruksvikaren, kan også bruke ho på ferie og fritid.