Ledig stilling som landbruksvikar

Landbruksvikarane våre Sølvi Wie og Kristian Seres tek til på skule til hausten og vi søkjer deira etterfylgjar/ar og har difor ledig stilling som landbruksvikar i 100% stilling frå 1.august.

 

Førde og Naustdal er to nabokommunar som ligg ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane. Arbeidsområdet er ganske langstrakt, frå Horne ytterst i Naustdal til Haukedalen i Førde. På plassar der reiseavstanden er lang har vi til no prøvt å ordne med overnatting om ynskjeleg.

LANDBRUKSVIKAR I 100% STILLING

I FØRDE/NAUSTDAL

Landbruksvikarane våre i Førde/Naustdal skal flytte pga. av skulegang og vi søkjer difor etter ein person som kan overta stillinga deira. Vi søkjer i utgangspunktet etter ein person som kan jobbe i 100% stilling, men vi kan om ynskjeleg dele opp stillinga slik dei foregåande landbruksvikarane har gjort. Vi søkjer etter ein person som har interesse og helst utdanning innan landbruk, søkjar må beherske/kunne kommunisere på norsk og ha sertifikat på bil/traktor. Landbruksvikaren vil komme borti mange typar driftsbygningar, gamle og nyare, så allsidig erfaring, med tanke på at vedkommande skal overta alt husdyrstell når bonden er sjuk, er viktig.

Stillinga er ledig frå 1.august.

Søknad med cv sender du til: Sunnfjord landbrukstenester, boks 338, 6802 Førde, post@landbruk.org. Tlf 57722145.

SØKNADSFRIST 15.JUNI