Ny ordning frå 01.01.2011

I statsbudsjettet er det kome forslag til ei ny ordning frå 01.01.2011.
Det vert nekta frådrag for kostnader som ikkje er betalt via bank, dersom beløpet er over kr 10.000,-. Dette gjeld bortfall av inntektsfrådrag etter skattelova og frådrag for inngåande mva.


Den som kjøper tenester kan og bli ansvarleg for skatt og meirverdiavgift som selgar har unndratt, dersom kjøpesum overstig kr. 10.000,- og er betalt med kontanter. Ansvar kan og gjerast gjeldande ved kjøp av varer sammen med tenester, men ikkje ved reine varekjøp.

 

Våre medlemmer/kunder kan etter dette ikkje betale ut forskot direkte til ein arbeidstaker kontant, dersom dette i løpet av ein tilsetjingsperiode/eit år utgjer meir enn kr. 10.000,-. Dette vil bli sett på som ei delbetaling av teneste kjøpt av laget og dermed kome inn under nytt regelverk. Medlem/kunde vil ikkje få frådrag for desse kostnadane.

Dette er ein problemstilling som ofte dukkar opp ved bruk av utanlandsk arbeidskraft som får utbetalt sluttoppgjer direkte før heimreise. Det er viktig å formidle endringane ut til medlemmer/kunder i laget, og be dei om at det vert teke kontakt med laget før utbetaling av forskot.

Sjå elles meirverdiavgiftslova ny §8-8 og skattelova ny §6-51