Ny tilsett landbruksvikar

Ingvil Ness har takka ja til stillinga som landbruksvikar i Førde og Naustdal

Ho har jobba hos oss sidan i sommar og jobbar no i eit oppdrag som varer fram til våren 2013. Ho tek formelt til i jobben som landbruksvikar når dette oppdraget er fullført.

Ingvil er fødd og oppvaksen på gard i Haukedalen og var ferdig som agronom frå Mo Jordbruksskule no i vår.

Vi er glade for at vi har fått ho med på laget.