Søkjer avløysar på geitebruk

Er det nokon som kan tenkje seg ein avløysarjobb på eit geitebruk?I perioden juli -des.

Garden ligg på Langeneset i Høyanger kommune, og har 100 melkegeiter og 50 kje som for tida er ute på sommarbeite. Vi er ute etter ein person som kan jobbe sjølvstendig, då den vil få ansvar for den daglege drifta på garden. Opplæring blir gitt. Dette er ein midlertidig stilling frå ca 15.juli og ut året. Garden ligg i idylliske omgjevnader med flott turterreng og muligheiter for jakt og fiske.

Høyres dette interessant ut? ta kontakt med Sunnfjord landbrukstenester