Tilsett ny Landbruksvikar i Naustdal og Førde

Vi har no tilsett Sølvi Therese Strømmen Wie som landbruksvikar med Førde og Naustdal som arbeidsområde

Ho startar i jobben 25 Januar 2010.

Ho har jobba som Landbruksvikar i Landbrukstenester Sogn, og var nyutdanna agronom 2008 frå Sogn Jord og Hagebruksskule. Sølvi kjem frå Førde der ho er oppvaksen på gard. Ein allsidig jobberfaring gjer ho godt skikka til å ta ansvaret som landbruksvikar. Dessutan likar ho fysisk arbeid og er glad i jord og dyr.

Ho har svangerskapspermisjon fram til midten av januar 2010 og vil starte i jobben her hos oss mandag 25. Januar 2010.