Vi søkjer etter Landbruksvikar i 100 % stilling.

Ein av våre landbruksvikarar har fått seg ny jobb og vi søkjer etter ein etterfølgar i 100% stilling. Nlt Sunnfjord betjenar eit stort område men, denne jobben er hovudsakleg i Naustdal/Førde. Som landbruksvikar tek du over jobben på garden når bonden er vekkreist eller er sjuk, så søkjaren vi ser etter må: ha agronomutdanning eller relevant praksis, førerkort kl B og T, beherske norsk språk skriftleg/munnleg. I tillegg må vedkommande være pålitelig, presis og kunne jobbe sjølvstendig. Stillinga er ledig frå aug/sept, men starttidspunkt kan vi bli einige om. Har firmabil til disposisjon. Send søknad innan 2 august til post@landbruk.org